Slik ser den spesielle annonsen på Finn-torget ut.

Utlovar tacodusør på Finn.no

Etter å ha opplevd hærverk på den spesielle Tacoway-vogna si, utlovar eigar Torbjørn Vereide ein skikkeleg tacodusør til den eller dei som kan kome med det han kallar ”banditt-informasjon”.

Frå tid til anna dukkar det opp spesielle annonsar som skil seg frå den store hopen på Finn.no. Annonsen sandensaren Torbjørn Vereide nyleg la ut, kjem absolutt inn under denne kategorien.

Gringo-skade

– Det viser seg at nokon fekk så lyst på tacos i påska at dei prøvde å bryte seg inn på kjøkkenet vårt til Tacoway i Bergen. Sjølv om forsøket var rimeleg mislykka, klarte dei å gjere litt gringo-skade på designen vår før dei (av alle ting) stakk av med dørhandtaket. Gode tips om dette vil betalast ut med ein fantastisk tacodusør, har Vereide skrive i annonsen som har tittelen ”Tacodusør utlovast mot banditt-informasjon”.

Vereide skriv vidare:

– Om vedkomande skulle snuble over denne annonsen, kan du hermed vite at du er un-invited til vår nye kjøkkenopning på Barfot. Vi har importert chili frå Mexico som eg (Torbjørn) fort kan finne på å bruke for å rehabilitere skurkesynet ditt!

Chilitrussel

– Eg blei forbanna over at nokon hadde prøvd å ta seg inn i vogna og måtte utagere litt. Løysinga blei tacodusør og chilitrussel, smiler Torbjørn Vereide når Firda Tidend spør kvifor han valde å legge ut den spesielle annonsen.

Les meir i papirutgåva måndag.

Torbjørn Vereide og Tacoway-vogna han serverer taco frå.