Olje- og energiminister Tord Lien (nærast) kan ikkje love ein meir rettferdig nettariff. Det handlar om politisk vilje, meiner fungerande konsernsjef i SFE, Asgeir Aase. Ordførar Anders Ryssdal til venstre.

– Utfordrande å rette opp nettariffen

Olje- og energiminister Tord Lien (FrP) kan ikkje love å gjere noko med den urettferdige nettariffen. – I all hovudsak fungerer dagens system, meiner han.

Måndag vitja statsråden SFE der han fekk fleire orienteringar. Ei av dei var ved fungerande konsernsjef Asgeir Aase. Han har ved fleire høve peika på den urimelege nettleiga forbrukarane Sogn og Fjordane må betale. Det gjorde han også i møte med Tord Lien.

Systemfeil

– Ti prosent av norsk kraftproduksjon skjer i Sogn og fjordane. Både nasjonalt og internasjonalt vert fornybar energi etterspurt. Ein konsekvens er at det må byggjast meir nett for å transportere straumen ut, peikar Aase på. Rekninga blir sendt til forbrukarane i vårt fylke i form av høgare nettleige, ti øre pr kW/t.

– Vi må betale for noko vi ikkje etterspør. Det er ein systemfeil du må rette opp, var Asgeir Aase si klare melding. FrP si løysing har tidlegare vore at nettselskapa slår seg saman til større einingar for å bli meir ”robuste”.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.