Uroleg natt for politiet

Det har vore mykje uro og mange ordensforstyrringar i Vestland fylke natt til søndag.

Dei fleste har funne stad i Bergen og omland, men også i gamle Sogn og Fjordane har politiet hatt litt av kvart å ta tak i.

I Stryn blei ein mann vist vekk frå sentrum etter slåsting. Ingen blei skada i hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Florø kom ein politipatrulje over to menn i slåstkamp. Begge blei bortviste frå sentrum.

I Sogndal blei ein mann sett i drukkenskapsarrest. Han blir meld for ordensforstyrring.

I Førde vart ein svært rusa og kranglete mann vist vekk frå sentrum.