Kvart år blir rundt 100.000 norske bilistar tekne for å bryte fartsgrensene. Fleire tusen mister førarkortet. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

UP varslar storkontrollar denne veka

Utrykkingspolitiet (UP) varslar at dei er i gang med kontrollveke. No skal dei særleg slå ned på ulovleg mobilbruk og manglande bruk av bilbelte.

Facebook-sida si ber UP bilistane overhalde fartsgrensene, køyre rusfri, vere merksame, bruke bilbelte og ikkje bruke mobil i bil.

Kvart år blir rundt 100.000 norske bilistar tekne for å bryte fartsgrensene. Fleire tusen mistar førarkortet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har politiet skrudd opp bøtesatsane. Blir du teken for ulovleg mobilbruk, får du 10.200 kroner i bot og tre prikkar på førarkortet. Køyrar du bil utan å bruke bilbelte, får du ei bot på 1500 kroner. (©NTB)