Vestland fylkeskommune.

Unge Venstre vil leggje ned fylkeskommunen

Unge Venstre vedtok søndag å leggje ned fylkeskommunane i landet og i all hovudsak overføre funksjonane til færre og større kommunar.


Unge Venstre sitt landsstyre vedtok søndag at det bør vere to forvaltningsnivå i Noreg og at det bør vere stat og kommune, skriv Aftenposten. Samtidig vil ungdomspartiet gå inn for å redusere talet på kommunar drastisk.


Sjølv om fylka skal leggjast ned, vil Unge Venstre behalde fylkesmannsembetet.


Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark seier at regionreforma berre har medført kosmetiske endringar og ikkje flytta mykje makt frå staten til fylkeskommunane som planlagt.


– Det kan ikkje rettferdiggjere eit fordyrande og unødvendig organ, som ikkje har legitimitet i befolkninga lenger, seier Hansmark og viser til lågare oppslutning om fylkestingsval.


Både Høgre og Framstegspartiet vil leggje ned fylkeskommunen, men moderpartiet Venstre har gått varmt inn for ei eiga regionreform.


Under dagens regjering er talet på kommunar redusert frå 428 til 356. Unge Venstre meiner det òg bør kuttast drastisk vidare i talet på kommunar, og Hansmark seier ingen kommunar bør ha under 5.000 innbyggjarar.


(©NPK)

Fjordlandskap