Ungdommen er mindre lykkelege enn før. Aukande bekymring for kva som vil skje i framtida bidrar mest til nedgangen, både i lykkekjensle og kor tilfredse ein er. Foto: Frank May/NTB/NPK.

Ungdommar mindre lykkelege enn før

Før var folk på sitt lykkelegaste i 30-årsalderen. Men ny norsk forsking viser at unge vaksne har hatt ein sterk nedgang i lykkekjensle.

– Det er tydeleg at det skjer noko med dei unge, som det er all grunn til å ta på alvor, seier samfunnsforskar og professor emeritus Ottar Hellevik ved Universitetet i Oslo til NRK. Han har saman med Tale Hellevik analysert data frå ei stor undersøking om livskvalitet blant nordmenn.

Tala viser at lykkenivået til ungdommar og unge vaksne har falle markert dei siste åra. Personar mellom 25 og 39 år har hatt ein nedgang på 14 prosentpoeng i lykkekjensle og livskvalitet frå 2009 til 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

I gruppa 15 til 24 år er fallet på 11 prosentpoeng. Til samanlikning har lykkekjensla for gruppa over 60 år berre falle med 1 poeng.

Forskinga baserer seg på spørjeundersøkinga Norsk Monitor, som sidan 1985 har kartlagt over 70.000 nordmenns livskvalitet.

– Nedgangen i lykkenivå for personar mellom 15 og 39 år er særleg overraskande fordi ungdommar tradisjonelt har pleidd å skåre høgare enn eldre på lykkekjensle, seier Hellevik.

Han har forska på lykke sidan 1985, og viser til at vi tidlegare har brukt å vere på vårt mest lykkelege når vi er rundt 30 år gamle.

– Vi hadde ikkje rekna med at dei unge skulle falle under dei eldre i opplevd livskvalitet og lykkekjensle, seier Hellevik.

Den viktigaste forklaringa på fallet i lykkekjensle er at dei unge vaksne oppgir å vere bekymra for framtida, særleg med tanke på jobb og økonomi.

(©NPK)