Auka alkoholbruk blant vaksne er éin av grunnane til at mange ungdommar gruar seg til jul. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Undersøking: Éin av ti ungdommar gruar seg til jul

Auka alkoholbruk, psykiske utfordringar, dårleg råd og konfliktar i familien blir oppgitt som hovudårsak til at mange ungdommar gruar seg til jul.

– Jula er som eit forstørrelsesglass der det fine blir finare og det vonde blir vondare, seier divisjonsdirektør Kjetil Haga i Blå Kors.

Ei undersøking Ipsos har gjennomført for Blå Kors blant 545 barn og unge i alderen 12 til 18 år, viser at éin av ti av dei spurde gruar seg til jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir drikking heime og psykiske utfordringar er blant hovudårsakene til at jula blir vanskeleg for mange.

Koronasituasjonen bidreg òg negativt. Heile 37 prosent av ungdommane i undersøkinga svarer at pandemien gjer livet vanskelegare.

– Mykje av det menneskelege nærværet er redusert på grunn av pandemien. Mange av dei som har utfordringar og sårbare sosiale nettverk, kjenner på endå meir utanforskap no, seier Haga.

Blå Kors er ein ideell aktør innanfor alkohol-, rus- og avhengnadsbehandling.

(©NPK)