Det vart ein jamn kamp då Gloppen spelte mot Kjøkkelvik laurdag.

- Ufatteleg viktig for klubben

- Det er ufatteleg viktig for klubben at vi framleis har eit damelag i tredjedivisjon, seier trenar Øyvind Indrebø etter at Gloppen vann 33-32 mot Kjøkkelvik laurdag.



Dermed beheld dei plassen i 3. divisjon neste sesong.

Jamt heilt inn

– Hadde både Stryn og vi tapt kampane våre i dag, ville det ha ført til nedrykk for vår del. Difor var denne kampen svært viktig, fortel Heidi Sægrov.

Gloppen hadde føringa i store delar av første omgang.

- Etter 20 minutts spel, får vi fleire utvisingar og blir ståande med fire spelarar i forsvar mot deira seks. Det øydelegg for oss. Med desse utvisingane får vi problem, og det gjer at vi ved pause ligg under med to mål, fortel Øyvind Indrebø.

Litt ut i andre omgang får Gloppen kontakt igjen og er à jour.

– Etter dette går vi opp i leiing og ligg eitt, to og tre mål føre Kjøkkelvik. Men vi klarer aldri å riste dei av oss. Dermed blir det jamt heilt inn, fortel trenaren.

Uavgjort for herrelaget

Herrelaget til GHK spelte uavgjort 28-28 mot BSI laurdag. At Viking 2 alt hadde sikra opprykket tidlegare på dag, prega ifølgje Ørjan Sundal oppgjeret.

– Sidan kampen ikkje betydde noko for plasseringa vår på tabellen, var vi ikkje heilt på. Sjølvsagt ønskjer vi ikkje å tape, difor kom spelet seg utover i kampen, fortel han.

Laget har hatt ein god sesong.

– Målet dykkar var å rykke opp. Kva tenkjer du no?

–  Akkurat no er det litt irriterande at opprykket glapp, men alt i alt ser eg positivt på å spele i tredje til neste år også. Målet blir det same – nemleg å kjempe i toppen, seier Sundal.