Om du dreg på kort eller lang utanlandstur vil UD gjerne at du registrerer det hos dei. Foto: Kari Hamre/NPK.

UD vil vite kvar du reiser på ferie i utlandet

Nordmenn reiser samla sett mykje til utlandet gjennom eitt år, men det er berre eit fåtal som registrerer reisa si hos Utanriksdepartementet.


Det er UD som har ansvaret for å kome i kontakt med og hjelpe nordmenn i utlandet dersom det skulle skje ein katastrofe.


– Av dryge åtte millionar utanlandsreiser i året er det kanskje éin prosent som registrerer seg hos oss. Det er for lite, seier Thomas Stangeby til NRK. Han er leiar for operativt senter i UD som har ansvaret for kriseramma nordmenn i utlandet.


Stangby meiner at også korte helgeturar til nabolanda våre bør registrerast.


– Alvorlege hendingar kan skje overalt og vi ønskjer ikkje å utelukke nokon land frå registrering, seier Stangeby.


På nettstaden reiseregistrering.no, som vart oppretta i 2011, kan reisande nordmenn enkelt registrere kontaktopplysningane sine for at UD lettare skal kunne få tak i dei i utlandet.


Stangeby kan ikkje seie sikkert kvifor nordmenn vel å ikkje registrere utanlandsreisene sine.


– Det kan vere at ordninga er for lite kjent, og så kan det vere at nordmenn ikkje ønskjer å registrere kontaktopplysningane sine hos styresmaktene.


Han slår derimot fast at det ikkje er sensitiv informasjon som vert lagra, men enkel kontaktinformasjon som namn og telefonnummer, reisestad og reiselengde. (©NPK)