Tysdag kan du sjå Gaute på TV

Gaute Myklebust (6) vil gjerne klare å leie kalven sin heilt åleine når han skal delta på kalvemønstring. Men kalven er vilter og tøysar seg når dei øver heime. Gaute håpar kalven vil vere lydig når dei skal på kalvemønstring i Breim. 

Historia om Gaute og kalven er ein av totalt åtte episodar i årets sesong av den populære dokumentarserien Klart eg kan. Serien som vert vist på NRK Super er fylt av meistringsglede og draumar som går i oppfylling. Sjølv om det er stor variasjonen i kva utfordringar borna møter, er det mykje som er likt. Serien viser ekte ungar i ein ekte og spanande kvardag, der meistring er den raude tråden.

Gaute kjem frå Myklebustdalen i Gloppen og veks opp på gard. I episoden om Gaute får sjåaren vere med på alt frå kalvefødsel, dyrestell, rundballing og ikkje minst sjå korleis han øver i lag med kalven før mønstringa. Det er ikkje lett å halde styr på ein sterk kalv som ikkje er blitt leia i tau før, men Gaute gjev ikkje opp. Han øver og øver i lag med pappa, for på kalvemønstringa vil han klare å leie kalven heilt utan hjelp.

NRK Sogn og Fjordane har produsert Klart eg kan sidan 2010. Det er laga nær 100 episodar av serien som har gode sjåartal i NRK Super sin nettspelar. Prosjektleiar Kjellrun Lavik trur ein av grunnane til at serien har kunne leve så lenge, er at mange born kan kjenne seg att i det som skjer dei ulike episodane. Serien inspirerer sjåarane til å prøve å nå sine mål og draumar.

Klart eg kan er også viktig for mangfaldet i NRK Super. Her får ein sjå born sin kvardag utanfor dei store byane, og borna snakkar nynorsknære dialektar.

Episoden om Gaute vert lagt i NRK Super sin nettspelar tysdag, og vert sendt i barne-tv same kveld.