Fleire turistar trasser åtvaringar mot å gå forbi staden der det gjekk eit stort ras i Aurlandsdalen i april. Her frå Østerbø i Aurlandsdalen. Illustrasjonsfoto: Berit Keilen/NTB scanpix/NPK.

Turistar trassar åtvaringar om ras i Aurlandsdalen

I april gjekk det eit stort steinras over den populære turstien i Aurlandsdalen. Men turistar ignorerer åtvaringar mot å bruke stigen, ifølgje NRK.


– Eg får klump i magen når eg høyrer om det. Når ein veit at det er lausmassar ovanfor stigen, så kan det gå ille for dei som ferdast der, seier Snædís Laufey Bjarnadóttir i Nærøyfjorden Verdsarvpark.


Ho er prosjektleiar for stigen og prøver å nå ut med oppfordringa om at folk ikkje skal bruke stigen før sikringsarbeidet er ferdig.


– Vi har vakter på kvar side av rasområdet. Det har skjedd at folk absolutt skulle gå gjennom medan arbeidet går føre seg. Dette gjer at arbeidet går saktare fordi dei må stoppe opp for å la folk passere, seier ho.


Det er likevel ikkje eit alternativ å stengje stigen heilt. Ifølgje Bjarnadóttir har dei ikkje autoritet til det.


Ho håper sikringsarbeidet er ferdig til helga. (©NPK)