Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav R. Nestås.

Trygg Trafikk om skulestart: – Mindre køyring gjer skulevegen tryggare

Det er skulestart i Vestland. Det inneber òg trafikk rundt skulane med foreldre som køyrer. Trygg Trafikk-leiaren i Vestland har klar beskjed til foreldre. – Til færre som køyrer, til sikrare blir skulevegen.

Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav R. Nestås, oppmodar i ei pressemelding foreldre om å la dei minste ta beina fatt.

– Om avstanden ikkje er for lang: Prøv å ta ein spasertur eller sykkeltur langs skulevegen saman med borna dine og bli kjend med vegen saman. Vurder om barnet er klar til å sykle åleine eller kan gå til skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestås legg til:

– Om du er avhengig av å køyre bil, bør du sjekke om skulen har definert ein stad for henting og levering, og la barnet få gå den siste biten til skulen. Finst det ikkje ein definert stad frå før, kan du finne ein sjølv. Det minskar trafikkbelastninga rundt skulen.

8 av 10 meiner det er best å gå eller sykle

Nesten 8 av 10 – 79 prosent – av barneforeldre meiner at det ideelle for borna er å gå eller sykle til skulen. Det viser ein landsrepresentativ Kantar-undersøking blant foreldre med born i skulealder gjennomført av Trygg Trafikk.

Likevel er unødvendig skulekøyring eit problem mange stader, ifølgje Trygg Trafikk. Undersøkinga viser at det er særleg dei foreldra med små born under åtte år som køyrer oftast – heile 35 prosent av dei spurde.

– Det er ulike grunnar til at foreldre køyrer borna. Det kan vere fordi det er praktisk eller langt å gå. Men mange gjer det fordi dei trur det er tryggast. I dei aller fleste tilfella er det heller omvendt. Den tryggaste og hyggelegaste skulevegen er den der borna i hovudsak går eller syklar. Derfor er det viktig at både skulane og foreldre legg til rette for det. For dei som må køyre, er det viktig å hugse på å køyre ekstra forsiktig, og vere spesielt merksame, seier opplæringssjef i Trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord.

Håper på fleire «hjartesoner» i Vestland til hausten

Trygg Trafikk ønskjer at foreldre og skular etablerer «hjartesone» rundt skulen. Det er ei trafikksikker sone med lite biltrafikk, og der dei borna som blir køyrde blir sleppte av i droppsoner utanfor hjartesona. «Hjartesone» kan òg innebere tiltak som følgjegrupper, foreldre som står hjartesonevakt på utsette stader eller betre sykkelparkering.

Hjartesone er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Syklistenes Landsforening, Politiet, Helsedirektoratet, Miljøagentene, Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) og Trygg Trafikk.

Regionleiaren påpeikar at Bergen har vore ein spydspiss i arbeidet, og at dei håper å ha fleire skular klare for «hjartesone»-opning utover hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir jobba systematisk og godt med Hjartesone i Vestland. Ønskjer du Hjartesone rundt skulen din, tilrår vi å ta kontakt med skulen eller FAU for å finne ut korleis det kan gjerast, seier regionleiaren.