Fjordane tingrett.

Truga med å kverke fengselsbetjent

Ein sunnfjording i slutten av 30-åra er i Fjordane tingrett dømd for å ha kome med truslar mot og for å ha sparka til ein fengselsbetjent i Vik fengsel.

20. oktober 2015 motsette tiltala seg medisinering som ledd i legemiddelassistert behandling.

Då betjenten så sette i verk pågriping av tiltala, gjorde mannen motstand ved mellom anna å sparke betjenten i ryggen. Samstundes uttrykte han på ulikt vis at han skulle øve vald mot eller kverke fengselsbetjenten viss straffa vart lenger som følgje av det som hadde skjedd.

I Fjordane tingrett sa mannen seg ikkje skuldig etter tiltalen, men han erkjende i all hovudsak dei faktiske forholda. Han forklarte at truslane var forårsaka av at han følte seg urettvist behandla og provosert etter at fengselsbetjentane skulda han for å unndra seg behandling.

Retten festa avgjerande lit til forklaringa frå fengselsbetjenten, som forklarte at teipen med medisinen blei plassert under tiltala si tunge, og at han berre etter eit halvt minutt var forsvunne frå tiltala sin munn. Det skal ta minst fem til seks minutt før spor av medisinen forsvinn frå munnen. Retten har vidare sett hen til korleis tiltala framstod på overvakingsvideoen like etter medisineringa, samanlikna med ein medinnsett som sat roleg til behandlinga var avslutta.

Når det gjeld truslane, festar retten lit til to fengselsbetjentar, som begge har forklart at tiltala gav uttrykk for at han skulle øve vald mot eller kverke den eine betjenten. Retten viser til at truslane vart framsette fleire gongar, samt at han gjentok truslane til andre betjentar i fengselet seinare same dag. Mellom anna uttrykte han at han skulle «skjere trynet» til betjenten som hadde medisinert han, og at vedkomande «skulle angre på det han hadde gjort».

Sunnfjordingen var også tiltala for ved eit anna høve å vere påverka av amfetamin, men retten meiner det ikkje er ført fullt bevis for at dette var tilfelle. Mellom anna hadde politiet ikkje sikra bevis gjennom urinprøve, noko som ville vere enkelt å gjere. Tiltala vart dermed frifunnen for dette.

Fjordane tingrett slår fast at 30 dagar i fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år er høveleg straff. Eit særvilkår for utsetjing av fengselsstraffa er at tiltala gjennomfører og fullfører påbyrja behandlingsopplegg i institusjon.