Trude tok EM-gull
Innfridde favorittstempelet i Polen i dag.
Trude Raad leverte varene under sleggekonkuransen i Bydgoszcz i Polen i dag. Med eit sterkt resultat på 63,03 tok ho gullmedaljen før kastarar frå Ukraina og Russland. Dette var Trude sin femte internasjonale gullmedalje i slegge for døve. Frå før har ho to OL- og to VM- gull, så dette var den første EM-tittelen.
Trude har også verdsrekorden for døve med 64,23, og tidlegare isommar har ho kasta 64,03 under Sparebankleikane. Så ho var heilt opp mot sitt beste når det galdt som mest.