Noreg får eit lite blaff av tropevarmen som har vore sør i Europa. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Tropevarmen treffer Noreg i dag – blir kortvarig

Mange stader får over 30 grader i dag, men på fredag blir det igjen grått og vått.

– Dette er eit blaff av den varmen som har vore sør i Europa, seier statsmeteorolog Pernille Borander ved Meteorologisk institutt.

Aller varmast blir det i indre Østfold. I Halden er det venta 33 grader, ifølgje Yr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ligg ikkje an til ny rekord i Noreg, men det blir veldig varmt.

Varmerekorden her til lands er 35,6 grader, målt i Nesbyen i Buskerud i 1970.

Dei høgaste temperaturane vil hende i dag, men også på torsdag vil fleire stader nærme seg 30 grader.

– Så er tropevarmen over for denne gongen. Det er tilbake på norsk sommar på fredag, seier Borander.

Då blir det under 20 grader og regn i det meste av landet. (©NPK)