Nepal er hardt ramma av det kraftige jordskjelvet laurdag og har akutt trong for hjelp utanfrå. Dette biletet er frå Namche Bazar før jordskjelvet.

– Trø til litt ekstra for Nepal

– Med den forferdelege situasjonen som er i Nepal no, oppmodar vi elevane ved skulen og bygdefolket om å gje litt ekstra til bistandsprosjektet vårt, seier lærar Eivind Nilsen ved folkehøgskulen på Vereide.

FN meiner åtte millionar av dei knapt 30 millionar innbyggjarane i det vesle fjellandet Nepal, som ligg inneklemd mellom India og Kina, er råka av det kraftige jordskjelvet sist laurdag. Minst 4.300 personar er døde og kring 8.000 er meldt skada – så langt.

Langsiktig hjelp

– Gjennom bistandsprosjektet vårt har Nordfjord folkehøgskule i fleire år støtta eit sjukehus i Okhaldunga-regionen i Nepal. I samband med situasjonen i landet no, har vi ordna med ei enkel løysing for å få inn ekstra midlar. Ved å sende ei tekstmelding med kodeord ”nordfjord” til 2160, gjev du 75 kroner til prosjektet. Dette er med å gje langsiktig hjelp i det hardt råka landet, seier Eivind Nilsen.

Han fortel at sjølve sjukehuset ser ut til å ha gått klar jordskjelvet, som vart målt til 7,9 på Richters skala, utan skader.

– Sjukehuset har merka auka pågang og har måtta opne dei nybygde lokala, som eigentleg ikkje skulle opnast enno, for å ta imot skada. Vi skal hugse at den store pågangen ikkje kjem før ei tid etterpå. Sjukehuset dekkar eit stort område med 180.000 menneske, og mange må gå eller berast i fleire dagar for å kome fram.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.