Renate Eikenes Grov vart mor for andre gong 14. oktober. Ho er glad for at ho kunne reise til rolege omgjevnader på Nordfjord sjukehus rett etter fødselen ved sentralsjukehuset i Førde. Her er ho saman med den nyfødde guten og storebror Emil (6). Foto: Benedikte Grov.

– Trist at nybakte mødrer i Gloppen mister dette tilbodet

– Det var kjempebra på alle måtar å vere på Eid. Eg fekk eige rom, full merksemd og mangla ikkje noko. Eg kunne ha så mykje besøk som eg ville på rommet, og fekk all den hjelpa eg trengde, seier Renate Eikenes Grov og lovprisar God Start-tilbodet.

Men under det tre dagar lange opphaldet sitt ved Nordfjord sjukehus fekk Grov vite at kvinner frå Gloppen frå 1. januar 2015 ikkje lenger får høve til å reise over fjorden for å kvile seg ut etter fødsel. Gloppen kommune har nemleg sagt opp avtalen med Helse Førde om å kjøpe jordmortenester derifrå. God Start-tilbodet har vore ein del av denne avtalen.

 

Les heile saka i papirutgåva onsdag.