Finalistane i «Female Entrepreneur» 2017 er Siv Hilde Houmb, Marianne Haugland Hindsgaul, Nuria Espallargas. (Foto: Charlotte Wiig)

– Treng fleire kvinnelege gründarar

Næringsminister Monica Mæland delar ut prisen til årets «Female Entrepreneur» på kvinnedagen 8. mars. Prisen er i år retta mot teknologi, og prisutdelinga føregår på Technoport i Trondheim, Norges største teknologi- og innovasjonskonferanse.

– Vi trenger at fleire kvinner satsar som tech-gründarar. Finalistane til Female Entrepreneur i år er gode rollemodellar. Det er viktig i den omstillinga næringslivet er inne i, seier Mæland.

Ny verdiskaping
Om ei veke står dei tre finalekandidatane på scena framom Kronprinsparet, næringsminister Monica Mæland, administrerande direktør i Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth og publikum på Technoport.

Prisen er eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet og Innovasjon Norge, og går til kvinnelege teknologientreprenører med vekstambisjonar og som bidreg til ny verdiskaping for norsk økonomi.

Vinnaren får 500.000 kroner som skal brukast til vidareutvikling av selskapet, og et mentor- eller akseleratorprogram avhengig av kva som er best verksemda.

Cybertryggleik, kundedialog og beleggindustri
– I år har finalistane utvikla teknologiske innovasjonar som kan vere med på å posisjonere norsk teknologikunnskap og løysingar i nye, internasjonale marknadar. For at Norge skal lukkast med den omstillinga vi går igjennom nå, er vi avhengige av å mobilisere fleire kvinner til å bidra for å drive det digitale samfunnet framover, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Finalistane er Siv Hilde Houmb, som har starta cybertryggleiksselskapet Secure-NOK AS, Nuria Espallargas, som har starta Seram Coatings AS og omdanna verdens nest hardaste materiale til eit pulver som kan brukasy i beleggindustrien, og Marianne Haugland Hindsgaul, som er CEO i Bubbly Group og har utvikla ein robot som er utplassert i butikkar og hentar inn umiddelbare tilbakemeldingar frå kundar.