Kommunar som er ekstra hardt ramma av sviktande påsketurisme, skal få hjelp frå regjeringa, som til saman deler ut 750 millionar kroner over påske. Foto: Halvard Alvik/NTB/NPK.

Trekvart milliard til lokale koronaramma bedrifter

Verksemder som er særleg hardt ramma av smittetiltak, kan få hjelp frå kommunen. Regjeringa tildeler 750 millionar kroner til formålet over påske.

Kommunane skal ta særleg omsyn til overnattings- og serveringsbransjen i tildelingane sine. Av dei 750 millionane skal 675 millionar kroner fordelast til kommunane etter kor mange årsverk dei har i desse bransjane.

75 millionar skal gå til kommunar som opplever svikt i påsketurismen for andre året på rad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse midlane kjem i tillegg til dei nasjonale kompensasjonsordningane som bedrifter i heile landet kan ta del i. Kommunane kjenner det lokale næringslivet sitt godt, og kan bidra til å få pengane raskt ut til dei bedriftene som treng støtte, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

I februar løyvde regjeringa 1 milliard kroner til det same formålet etter eit forlik med Framstegspartiet.

– Dette vil vere eit bidrag til verksemder som i stor grad er avhengig av påsketurismen for å overleve. I mange distriktskommunar utgjer dette ryggrada i det lokale næringslivet, og regjeringa vil bidra til at viktige distriktsarbeidsplassar ikkje forsvinn. Denne ventilordninga er meint å hjelpe verksemder som ikkje får dekt tapa sine gjennom den nasjonale kompensasjonsordninga for næringslivet, seier Helleland.

(©NPK)