Koronavirus: Koronavirus, illustrasjon.

Tredje dag utan smitte

Heller ikkje fredag vart det påvist smitte i prøvene som var til analyse ved laboratoriet på Førde sentralsjukehus. 144 prøver vart analyserte, alle gav negativt resultat.

Det er tredje dag på rad at laboratoriet i Førde ikkje har positive prøver. Den siste veka er det registrert 37 nye smittetilfelle ved laboratoriet. Dei siste åtte var funne tysdag.

Samtidig melder Helse Førde at det no er ein person innlagd på sjukehusa i regionen, og at det er ein tilsett sjukmeld eller heimeverande grunna korona.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert presisert at dette ikkje gjev ein fullgod oversikt for smittesituasjonen i regionen, då kommunane sjølve vel kvar dei sender prøver til analyse.