Tre positive testar i Helse Førde

Tysdag 12. januar analyserte Helse Førde 438 prøver for covid-19-viruset. Tre av prøvene var positive.

Ifølgje helseføretaket er dei tre positive prøvene tekne i Stryn og Sunnfjord.

Så langt denne veka har fem personar i Helse Førde sitt område fått stadfesta covid-19-smitte.

Til saman 665 prøver blei analyserte måndag og tysdag.