Tre nye smitta i Gloppen

Tre nærkontaktar til den innleigde arbeidaren ved Brødrene Aa, som 7. januar testa positivt ved innreise til Noreg, har òg testa positivt på korona.

Dei tre arbeidarane er blitt smitta i samband med innreise til landet, og etter ankomst til Hyen har dei vore i karantene. Det er ingen andre nærkontaktar knytt til desse tre.

– Smittesporingsarbeidet er difor avslutta, og situasjonen er under kontroll, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre arbeidarane fekk positivt utslag på andregongstest, etter sju dagar.

— Dette syner igjen kor viktig det er å sitje ut karanteneperioden på ti dagar, sjølv om den første testen skulle vere negativ, konstaterer Gloppestad.

Vidare oppfølging vert gjort av Brødrene Aa, og kommunen sitt helsepersonell dersom det vert naudsynt.

— Brødrene Aa har gode rutinar både for innkvartering i isolasjon og karantene, noko handtering av tidlegare smittetilfelle har vist. Dette er til stor hjelp for kommunen sitt smittesporingsarbeid og gjev oss raskt god oversikt over situasjonen, seier ordføraren.