Sjukepleiar Glenda Grossi held handa til ein koronapasient på intensivavdelinga på Tor Vergata-sjukehuset i Italia søndag 13. desember. Korona er tre gonger dødelegare enn vanleg influensa, ifølgje ein fransk studie. Foto: Alessandra Tarantino/AP/NTB.

Tre gonger så mange døyr av korona som av influensa, viser studie

Nesten tre gonger så mange koronasjuke som folk som er sjuke av vanleg influensa, døyr viser ein ny fransk studie.

Forskarar har samanlikna data frå nesten 90.000 koronapasientar innlagde på franske sjukehus mellom mars og april i år, med data frå nesten 46.000 pasientar innlagde med influensa mellom desember 2018 og til slutten av februar 2019.

Medan 16,9 prosent av koronapasientane døydde, var talet berre 5,8 prosent for influensapasientane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studien er publisert i den medisinske journalen The Lancet.

Han viser òg at fleire koronapasientar treng intensivbehandling.

(©NPK)