Siste nytt frå politiloggen.

Travelt for politiet

Det vart litt av kvart å gjere for ordensmakta sist natt. Det gjekk stort sett i festbråk og eitt tilfelle av narkotikabruk.

På ein privatfest i Førde vart 12 mindreårige henta av foreldra og fem menn i 20-åra vart melde for bruk av narkotika.

Slossing 
I Florø kom det til konflikt mellom to karar etter at den eine hadde vore i konflikt med ei kvinne, og ein kar i 30-åra vart henta inn etter å ha laga bråk på ein utestad.

I Førde var det to tilfelle av festbråk og der politiet i det eine tilfellet måtte avslutte ein privatfest. I det andre tilfellet hadde uvedkommande prøvd å ta seg inn på ein privatfest, og dei lagde så mykje bråk at politiet vart tilkalla. Bråkmakarane var vekke då politiet kom til.