Travelt for politiet

Det har vore ei travel helg for politiet i Førde. Det viser dei mange twittermeldingane. Og som vanleg, handlar det om inntak av for mykje alkohol.

Det meste skjedde i løpet av natta til i dag, søndag. I fire-tida rykte politiet ut etter melding om at rusa personar fyrte av kinaputtar ved ein bensinstasjon i Førde sentrum. Politiet kom til staden og rydda opp og vil følge opp saka.


Mellom meldingane frå politiet i Førde er det også ei twittermelding frå politiet i Måløy som rykte ut etter melding om uro ved ein utestad i sentrum. Då politiet kom, hadde dei mistenkte forlate staden.

Tilbake i Førde kom politiet over ein person som urinerte på offentleg stad. Sak er oppretta. Laurdag laga ein person bråk på en privat stad i Naustdal. Politiet rykte ut og tok vedkomande med til drukkenskapsarresten. Vi tek også med ei melding om at politiet i Førde fekk melding om ein trøytt og rusa russ ikkje ville forlate bussen ved endestasjonen. Vedkomande fekk politiskyss heim.

Laurdag kveld og natt til søndag overvaka også UP trafikken i heile Bremanger. Totalt 29 vart kontrollerte utan at det medførte reaksjoner.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Siste nytt heimefrå?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.