Travel natt for politiet

Politiet i Sogn og Fjordane har hatt litt av kvart å henge fingrane i natt til søndag.

Her er eit utdrag frå politiloggen:

Kl. 0450 Svelgen: Skadeverk på døra til drosjesentralen. Ukjend gjerningsmann.

Kl. 0328 Gaular: Fv 610 v/ Fossevika, bil kolliderte med fjell. Førar til lege for sjekk, fire passasjerar var uskada. Førarkort kverrsett.

Kl. 0240 Førde: Ei vakt på ein utestad vart angripen av ein gjest, men det roa seg ned. Blir ikkje meldt.


Kl 0325 Sogndal: Melding om ordensproblem på ein utestad. Vedkomande vart bortvist av politiet og send heim.

Kl. 0100 Sogndal: Melding om bruk av falsk legitimasjon på ein uteplass, blir meldt seinare.

Kl. 0050 Sogndal: Melding om brot på kontaktforbod. Mistenkte vart pågripen og plassert i arresten for natta. Blir etterforska vidare.

kl. 0230 Syvde: Melding om slagsmål utanfor pub. Det løyste seg opp før politiet kom fram.

Kl. 0220 Florø: To episodar med rusa personar vart oppløyste, folk vart sende heim.

Kl. 0030 Måløy: Ordensproblem på privat adresse, fleire rusa personar blei sende heim.

Kl. 0006 Askvoll: Utforkøyring i sentrum, mistanke om promillekøyring, det vart teke blodprøve. Ein person i bilen.