Trafikkulykke i Våtedalen
Det har vore ei trafikkulykke i Våtedalen, melder Vegtrafikksentralen.
Naudetatane er på staden. Vegen er stengd i begge retningar.
– Det har vore ei singelulykke der bil med førar og hund i har kome utfor vegbana og gått rundt. Det er tilsynelatande ikkje personskade. Vegen blir opna for manuell dirigering om få minutt, opplyser Runar Stensaker Kleppe i Gloppen Brann og Redning like etter klokka 19:00.
Artikkelen held fram under annonsen.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, opplyser til NRK at førar er vaken og bevisst og køyrd i ambulanse til lokal legevakt.
Oppdatert: Vegen er no opna att.