Trafikkulukke i Jølster

To personar blei sende til sjukehus etter at ein personbil kolliderte med ein trailer ved Svidalsneset tysdag kveld.


Det var to personar i personbilen, ein i traileren. Dei to i personbilen blei frakta med ambulanse til sjukehus i Førde, men har tilsynelatande berre mindre fysiske skader, melder politiet.

Traileren kom køyrande austover på E39 og kolliderte med personbilen som svinga inn på vegen.