Totalt 32 covid-19-smitta i Stad

Eit seint innkome prøvesvar frå testing fredag, viser søndag kveld at éin person til har testa positivt for covid-19-viruset i Stad kommune.

– Denne personen var allereie i karantene i ein husstand med andre smitta. Dette utløyser ingen nye nærkontaktar, og husstanden er allereie under oppfølging frå smittesporingsteamet i kommunen. Med dette har til saman 32 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet. Alle smittetilfella er kopla til kvarandre, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding søndag kveld.

Alle som har fått påvist covid-19 dei siste dagane, har allereie vore kartlagt av smittesporingsteamet og var i karantene då dei testa positivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Talet på nye nærkontaktar utanfor husstandane har vore svært lågt. Trass omfattande testing av personar i lokalmiljøet som har symptom på sjukdom, har ein i veka som gjekk ikkje påvist smittetilfelle som ikkje kan relaterast til tidlegare smitta. Det er eit uttrykk for at det omfattande smittesporingsarbeidet med kartlegging av nærkontaktar, karantene og testing har gitt god oversikt over situasjonen, og at ein kan komme til å sjå slutten på utbrotet i dagane som kjem, meiner Bjørlo.