– Det hadde vore svært spennande å få ein plass i kommunestyret i Gloppen, seier Marièl Eikeset Koren.

Toppar lista til Dei Grøne

Marièl Eikeset Koren toppar lista til Miljøpartiet Dei Grøne. – Målet vårt er å få inn ein representant i Gloppen kommunestyre. Det blir eit spennande val, og vi gler oss til å drive valkamp framover, seier 27-åringen.

Miljøpartiet Dei Grøne har eitt mandat på Stortinget i inneverande periode og er representert i fleire kommunestyre og fylkesting her til lands. I 229 kommunar har dei lokallag.

Unge glopparar

Sidan stortingsvalet har partiet hatt ein kampanje gåande, med mål om å gjere landet vårt endå grønare. I februar i år var første vararepresentant til Stortinget og politisk rådgjevar for Rasmus Hansson, Une Aina Bastholm, til stades på eit ope møte på Gloppen Hotell. I etterkant av dette har det vore jobba med å skipe eit lokallag i Gloppen. Miljøpartiet Dei Grøne stiller no liste ved kommunestyrevalet til hausten.

– Vi har teke utgangspunkt i dei medlemmene vi har i Gloppen. I tillegg har vi ringt rundt til aktuelle kandidatar og spurt om dei kan tenkje seg å stå på liste, fortel Marièl Eikeset Koren, som sit i fylkesstyret for partiet i Sogn og Fjordane.

– Viktig å engasjere seg

Miljøpartiet Dei Grøne håpar på å få inn ein representant i kommunestyret.

– Eg ønskjer å vere med på å farge debatten i kommunestyret. Vi har behov for ei grøn stemme, meiner Eikeset Koren, som kjem frå Sandane.

I dag arbeider ho som kantor og trusopplærar i Kyrkja i Gloppen.

– Saman med ektemannen min, Martin Eikeset Koren, flytta eg tilbake til Sandane for eitt år sidan. I etterkant har vi fått ein liten gut, så for tida har eg svangerskapspermisjon, fortel ho.

Eikeset Koren har ikkje politisk erfaring frå før, men er godt van med styre- og organisasjonsarbeid.

– Det politiske engasjementet kom i den tida eg var student i Trondheim. Viss ein har meiningar og ønskjer å vere med å påverke, er det viktig å engasjere seg. Eg likar å få ting gjort, seier ho, som har ein master i musikkvitskap og i tillegg er utdanna kantor.