Priskrigen har ført til tomme hyller – snart kjem det påfyll, lovar lågpriskjedene. Foto: Tore Meek/NTB/NPK.

Tomt for Grandiosa fleire stader – butikk innfører rasjonering

Frysedisken er tom for Grandiosa original fleire stader etter at priskrigen braut laus måndag. No varslar Kiwi på Løren i Oslo rasjonering.

I butikken vart det hengt opp lappar om rasjonering på den såkalla folkepizzaen tysdag ettermiddag. Førebels er butikken framleis tom for den klassiske varianten, men nye forsyningar er på veg frå fabrikken på Stranda.

– Det er gjort i beste meining, fordi ein såg at ein var i ferd med å gå tom, og av omsyn til kundane valde ein då å setje ei avgrensing. Men generelt ønskjer vi ikkje å setje avgrensingar, seier kommunikasjonssjef Nora Mile Helgesen i Kiwi til Dagbladet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier dei fleste butikkane får frysevarer to–tre gonger i veka.

– Medan vi mellom anna har ein langvarig kampanje på laks, spinat, salat og grovbrød, har ein konkurrent eit kortvarig veketilbod på Grandiosa. Vi har lova kundane at vi alltid skal vere billigast av lågpriskjedene, og då set vi ned prisen tilsvarande eller meir i same perioden, seier ho.

Det var lågpriskjeda Extra som sette ned prisen først – så har dei andre følgt etter.

– Sjølv om vi sjølvsagt er opptekne av å tiltrekkje oss nye kundar, handlar dette minst like mykje om å gi dei eksisterande kundane våre den billigaste handlekorga, seier kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen i Coop.

Prisen er på litt over 20 kroner for den billigaste varianten. (©NPK)