Austrheim og Stardalen mannskor under leiing av dirigent Trygve Apalset, fylte kultursalen til siste stol og hausta trampeklapp for "Sjøen Syng".

Tok publikum med på frisk seglas

Austrheim og Stardalen mannskor fylte kultursalen til siste stol to gonger laurdag.Hovudpersonen Helge Jordal måtte melde sjukdomsforfall, men koret heldt likevel stø kurs

Det vart ei uventa dramatisk oppladning til ein konsert som har vore planlagd og arbeidd mot i nesten eitt år. Då hovudpersonen, den kjende skodespelaren Helge Jordal melde sjukdomsavbod, måtte det tenkjast nytt.

Hektisk
Den oppgåva fall først og fremst på regissør Ingeborg Stige som måtte omforme førestillinga til ein konsertversjon. Det lukkast. Utfordringa til koret var å riste av seg skuffelsen over ikkje å få framføre det planlagde programmet saman med ein kjent kunstnar med stor formidlingskraft. Men også koret lukkast.

Fin oppleving
Derfor vart det ei fin oppleving der både orkester, solistar og kor leverte til trampeklapp og ekstranummer. Mange fortener ros for førestillinga, først og fremst dirigent og musikalsk leiar Trygve Apalset som får koret til å yte og lyde både kraftfullt og samstemt.

I måndagsavisa kjem ein fyldigare omtale.