Frank Willy Djuvik meiner politikarar i Sogn og Fjordane må slutte å syte.

Tok eit oppgjer med distriktsopprøret

Pressemelding frå Sogn og Fjordane FrP: Fylkesordførarkandidat for FrP i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, tok kraftig avstand frå distriktsopprøret i Sogn og Fjordane og omtalte det som eit raudgrønt forsøk på å skjule sin eigen utilstrekkelighet då han inntok talarstolen på partiet sitt Landsmøte.



- Eg finn meg faktisk ikkje i at såkalla distriktsopprørarar skal degradere mitt fantastiske fylke til bortimot eit sosialklientsfylke, som ikkje er i stand til å verken ta vare på seg sjølv, eller utvikle seg sjølv utan at det er Staten som gjer det. Lokalpolitikk og fylkespolitikk skal degraderast til å vere i eit kappløp om å kven som klarer å reise mest til Oslo for å krevje mest. Lokal tilrettelegging av private arbeidsplassar, ja-haldning til private initiativ og jobben for å byggje gode lokale velferdstilbod må vike, mens ordførarane står i kø utanfor Stortinget, sa Djuvik til stor applaus frå salen.

Djuvik meinte og at det var ironisk at det var førdepolitikarane som tok initativ til distriktsopprøret. – Førde kommune, med sine knappe 12.000 innbyggjarar, har over dobbelt så høg tettleik av statlege arbeidsplassar enn hovudstaden Oslo, og så krev dei endå fleire. Mens dei same politikarane nokre dagar seinare sender brev til ESA og klagar på etableringa av 300 nye industriarbeidsplassar i regionen, sa han.

Sogn og Fjordane er eit fylke med alle dei naturgitte føresetnadane for vekst og utvikling som er mulig, hevda Djuvik. - Vi har olje og gass bokstavelig talt i hagen, vi har oppdretts- og fiskeriressursane, vi har mineralressursane, vi har vind, bølgje og vatn for å utvikle meir fornybar energi, og ikkje minst mulighetane som ligg i å utnytte desse kraftressursane. Vi har naturen med fjord og fjell som turistar frå heile verda valfartar for å sjå. Vi har alt det som ber den norske økonomien og verdiskapinga, sa Djuvik

Djuvik siterte og tidlegare statsråd og stortingsrepresentant for AP, Kjell Opseth, si oppfordring til distriktsopprøret mot AP-regjeringa i 2001. “Dei som no reiser opprørsfanene i Sogn og Fjordane, stiller i geledd for at staten skal løyse alle problem. Staten kan aldri løyse alle problem. Vi må stogge fråflyttinga frå Sogn og Fjordane, men det hjelper ikkje berre å rope på staten. Bruk opprørsfana til å ta utfordringane, skap nytt utan å kreve. Vi må ta utfordringane no elles kjem omstillingane som ein katastrofe, sa Opseth den gongen .

Djuvik meiner at Opseth sine ord for 14 år sidan syner med all tydelighet at distriktsopprøret som no løftar seg i Sogn og Fjordane ikkje er anna enn eit raudgrønt forsøk på å skjule sin eigen utilstrekkelighet. - Der fylkes- og kommunepolitikarane i fleire tiår har reist i flokk og følgje til hovudstaden for å krevje meir og meir, så har dei totalt neglisjert sitt eige ansvar for å legge til rette for lokal utvikling og løfte fylket til det det kunne ha vore, sa han.

Det som derimot overraskar Djuvik mest med distriktsopprøret er at Høgre, KRF og Venstre ropar om å få tilbake den raudgrøne politikken. - Det gamle Bunads-Høgre har våkna av dvalen sin og stiller seg på barikadane for å drive valkamp for Arbeidarpartiet og Senterpartiet, hevda Djuvik frå talarstolen.

- I staden for at veksten i offentleg tilsette er direktørar og byråkratar, så kjem veksten i offentlege arbeidsplassar i fleire operative politifolk ute blant publikum, fleire og betre lærarar, fleire sjukepleiarar og fleire legar. Kompetansearbeidsplassar spredt rundt i heile landet, utan å måtte opprette nye tilsyn og direktorat. Regjeringa gjer jobben kvar dag, no må lokal- og fylkespolitikarane gjere det same. Min klare beskjed til opprørspolitikarane heime er slutt å syt, begynn å yt, avslutta Djuvik talen sin med.