To til sjukehus etter kollisjon i Jølster

To personar skal vere lettare skadde og køyrde til lokalt sjukehus, medan tre er uskadde etter eit trafikkuhell ved Jølstraholmen i to-tida laurdag ettermiddag melder politiet på Twitter.

Sjåføren av den fremste bilen stoppa opp ved ein fotgjengarovergang, medan sjåføren i bilen bak ikkje greidde å stoppe og køyrde inn i den første bilen. Førarer av den siste bilen har gitt samtykke til at førarkorter vert kverrsett. Sak er oppretta, melder politiet.

Det var fem personar til saman i dei to bilane, og alle er undersøkt av helsepersonell. Det eine køyrefeltet var stengt ei periode og det var manuell dirigering til situasjonen er avklart.