To nye smittetilfelle i Gloppen

– Den 18.08 fekk vi melding om at ytterlegare to personar har testa positivt for covid-19, skriv Gloppen kommune i ei pressemelding onsdag kveld.

Smittesporing pågår, nærkontaktar er sette i karantene og skal testast etter gjeldande retningslinjer.

På Gloppen Hotell er det til saman to tilsette som har testa positivt 17.08 og 18.08. Ein av desse har også vore på arbeid på Sandanedagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er gjennomført smittesporing og nærkontakter er blitt kontakta og sette opp til testing. Er du ikkje kontakta, så er du ikkje definert som nærkontakt og skal ikkje ta kontakt med legesenteret for test, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i pressemeldinga.

Ein person som har testa positivt for Covid-19 går på skule på Nordfjordeid. Vedkomande har teke buss til og frå Eid måndag 16.08 og tysdag 17.08.

– Aktuelle avgangar er bussrutene: Sandane – Eid kl 07.55 og Eid – Sandane kl 14.40. Kjende nærkontaktar på bussen er kontakta. Har nokon vore passasjer på desse rutene og får symptom, bør desse gå i karantene og teste seg. Reisande som ikkje har symptom treng ikkje å teste seg, heiter det i meldinga.