To nye smitta i Sunnfjord
Sunnfjord kommune melder at det er to ny smitta i kommunen, men seier samtidig at det kan vere mørketal.
Vi arbeider med å få eit godt oversyn over personell-ressursar kommunen sjølv har, som om nødvendig kan omdisponerast. Vi arbeider òg med å få sikre oss ein reserve med eksterne folk med helsefagleg kompetanse, som vi kan sette inn om det trengs, seier ordførar Olve Grotle.