To nye smitta i Stad

I samband med at det vart oppdaga ein smitta av koronavirus i Stad i går, vart det utført testar av nærkontaktar til vedkomande. To nye smittetilfelle vart avdekka og sette i isolasjon.

Prøvene av dei tre i Stad er sende til Haukeland for å finne ut om det er ein mutert variant som er på ferde. Svar på det vil føreligge ut i komande veke, ifølgje kommuneoverlegen i Stad.

Smittesporing

– Stad kommune har fredag kveld og laurdag gjennomført smittesporing i samband med at ein person fekk påvist smitte med covid-19 fredag kveld. Nærkontaktar til denne personen er sette i karantene og testa, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i pressemedlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved bruk av hurtigtestar har to av nærkontaktane testa positivt laurdag, og desse er sette i isolasjon. Desse og dei andre nærkontaktane er også testa med PCR-testar, og svar er venta søndag ettermiddag.

Vidare smittesporing er gjort rundt dei to nye med påvist smitte. Nærkontaktar til desse er sette i karantene og vidare testing vert gjennomført søndag.

Låg terskel

Kommuneoverlegen seier også at det er låg terskel for å setje folk i karantene.

– Fordi det framleis er ukjend smitteveg og uavklart om det kan dreie seg om ein mutert virustype, har kommunen hatt låg terskel for karantene og testing for å få best mogeleg kontroll på situasjonen, seier Vingen Vedeld.

På grunn av dette er til saman nærare 60 personar sette i karantene i kommunen i samband med desse tre smittetilfella. Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar omkring dei smitta er no fullført, og vidare utvikling vil vere avhengig av prøvesvar dei komande dagane.

– Behovet for eventuelle ytterlegare smitteverntiltak i kommunen vert fortløpande vurdert etter kvart som testresultata ligg føre, seier kommuneoverlegen

Elles analyserte Helse Førde 140 prøver laurdag. Ein av dei var positiv. Denne var heimehøyrande i Årdal kommune.