Koronavirus: Koronavirus, illustrasjon.

To nye smitta i Selje

Prøvesvar frå måndag viser at to personar i Selje har fått påvist covid-19, melder kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune tysdag kveld. Begge to har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta. Dei to har ingen nye nærkontaktar.

I tillegg har ein person på besøk i kommunen fått påvist covid-19 etter testing i Selje måndag. Personen er symptomfri og testa seg rutinemessig før planlagt reise. Vedkommande har truleg blitt smitta utanfor Stad kommune før reisa hit. Det er tre nærkontaktar innanfor familien. Desse er sett i karantene og vert testa.

Det er ikkje påvist smitte etter testing gjort på Nordfjordeid måndag. Tysdag kveld manglar svar på tre prøver.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlegen meiner at dei no har god kontroll på utbrotet også i Selje, og at den samla smittesituasjonen i Stad kommune snart vil kunne vere slik den var før utbrotet. Det er likevel viktig å ha eit stort fokus på godt smittevern gjennom påska, skriv han.