Evald Osnes Devik og Thomas Mardal er begge klare for U23-EM i Bydgoszcz i Polen seinare i sommar.

To glopparar klare for U23-EM

Norge stiller med to glopparar i sleggekonkurransen i U23-EM i Bydgoszcz i Polen seinare i sommar. I helga klarte også Evald Osnes Devik kvalifiseringskravet.

Devik slo like godt til med ein personleg rekord på nær to meter. Med 64,92 var han klar for U23-EM, og resultatet heldt til ein solid femteplass i stemnet, ein plass bak treningskompisen Thomas Mardal. I serien hadda han eitt kast til over den gamle pers'en.

Thomas Mardal var berre seks centimeter bak sin ferske krinsrekord for seniorar, og med 66,64m vart han nummer fire i stemnet. Mardal var alt klar for EM, då han klarte kravet tidlegare i sesongen. 

Med kastet i helga har også Devik kasta også over Ove Farsund sin legendariske seniorkrinsrekord på 64,20m frå 1980, som var gjeldande før sesongstart men vart forbetra av Thomas Mardal i april og i år altså passert av to glopparar.

Dei to unge lovande Gloppen-kastarane tronar dermed øvst på sleggestatistikken gjennom alle tider i Sogn og Fjordane. På landsbasis er Thomas er nummer. 11 gjennom alle tider i Noreg. Evald er nummer 15.

I EM i Polen i juli vil dei møte hard konkurranse. I følge nettsidene til GFIL var grensa for å nå finalen var i 2013 og 2015 begge åra 66m. Dermed kan begge glopparane ha sjanse på finalen, men gullet er venta å gå på over 70m.



Resultat slegge, Halle, Tyskland
1. 71,96m Tayler Campbell, Storbritania
2. 71,66m Humberto Mansilla, Chile
3. 70,60m Matt Denny, Australia
4. 66,64m Thomas Mardal, Norge
5. 64,92m Evald Osnes Devik, Norge
6. 63,59m Miguel Carreira, Portugal