Tine sender 40.000 liter mjølk til Ukraina. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Tine sender 40.000 liter mjølk til Ukraina

Tine sender 40.000 liter mjølk til Ukraina etter at ukrainske styresmakter har spurt Tine og regjeringa om hjelp til matforsyningar.

– Tines tilsette og eigarar er stolte, men også audmjuke over å kunne bidra. No sender vi 40.000 liter mjølk til Ukraina på førespurnad frå den ukrainske ambassaden, seier kommunikasjonsrådgivar Ingrid Wilberg Arnesen i Tine til NRK.

Arnesen seier det både er ønskjeleg og nødvendig for Tine å hjelpe Ukraina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bønder hjelper bønder. Når ukrainske mjølkeprodusentar treng støtte for å forsørgje eige folk, er det både ønskjeleg og nødvendig for Tines eigarar å avhjelpe situasjonen.

Sjølve transporten blir handtert av Ukraina. Den første forsyninga blir send torsdag kveld og den andre fredagen. Det kan bli aktuelt å sende meir mjølk.

– Sjølv om bøndene i Ukraina gjer alt dei kan for å produsere mat, er det likevel slik at millionar av menneske er på flukt i eige land, og forholda for å halde tritt med behovet for næring ikkje er til stades akkurat no, seier Arnesen.

Tine har aldri før har fått ein liknande førespurnad.

– Den minner oss tydeleg om at primæroppgåvene til alle samfunn er å skaffe befolkninga tryggleik og mat. Den minner oss òg om det utvida samfunnsansvaret til eigarane våre som mjølkeprodusentar, seier Arnesen. (©NPK)