Illustrasjonsfoto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

Tine er Noregs mest berekraftige merkevare – igjen

Tine er av forbrukarane kåra til Noregs mest berekraftige merkevare for tredje gong i ei årleg undersøkinga gjennomført av Sustainable Brand Index (SBI).

Noregs største meieriselskap vann kåringa i 2017 og 2019 også.

– Pandemien har ført til at forbrukarane legg større vekt på innanlands produksjon og lokale råvarer, noko som har vore til nytte for Tine. I tillegg viser studien at Tine er kjent for arbeidet sitt med emballasjeproblemet, helse og dyrevelferd. Til saman gjer dette at forbrukarane oppfattar Tine som det mest berekraftige merket i Noreg i 2021, seier Johanna Ekman i Sustainable Brand Index, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

254 norske merkevarer er med i undersøkinga, og minst 1.000 forbrukarar er intervjua i samband med evalueringa av kvar merkevare.

(©NPK)