Jølster treningssenter og grunnleggjarane Evald Sandvik, Roger Midttun og Kim Ronny Lykkebø (f.v.) fekk kommunen sin tiltakspris.

Tiltaksprisen til sprekt tiltak

Jølster treningssenter SA og eldsjelene som starta det heile, Kim Ronny Lykkebø, Roger Midttun og Evald Sandvik fekk Jølster kommune sin tiltakspris for 2015.

I oktober 2013 opna Jølster treningssenter dørene i den gamle fabrikkbygningen til LeFi Bakst på Vassenden. Per i dag eig meir enn 140 personar aksjar, og medlemstalet har passert 250.

– Alt frå vask, instruksjon, vedlikehald og liknande blir gjort av friviljuge, her er det ikkje økonomisk avkastning som er føremålet. Overskotet blir ståande i verksemda til vidare drift og utvikling, sa ordførar Oddmund Klakegg då han delte ut prisen.

Han slo fast at tiltaket har vore ein stor suksess som gjer jølstringar frå førskulealder og langt inn i alderdomen sprekare.

– Sett også i eit folkehelseperspektiv er dette svært positivt for kommunen, la han til.