Tilsett i Helse Førde er smitta

Ein Helse Førde-tilsett har testa positivt på covid-19, melder helseføretaket i ei pressemelding måndag morgon.

Personen er ein av dei ni som kom i karantene i samband med at ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus, testa positivt. Alle dei åtte andre har testa negativt.

– Dei ni medarbeidarane vart sette i karantene fordi dei hadde nærkontakt med pasienten som blei sjuk på ein busstur med pensjonistar frå Nord-Jæren. Pasienten var innom sentralsjukehuset først, og blei deretter send vidare til Haukeland universitetssjukehus der ein koronatest var positiv. Som følgje av den positive prøven er ytterlegare to tilsette i Helse Førde sette i karantene. Desse blir testa i dag, skriv Helse Førde.

Artikkelen held fram under annonsen.