Tilsett i heimetenesta er smitta

Det er registrert fire nye personar som har testa positivt for korona det siste døgnet, opplyser Gloppen kommune i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta i Austrheim barnehage.

Ein person som er smitta er tilsett ved Sandane heimeteneste. Aktuelle tilsette og pasientar som vert definerte som nærkontaktar er varsla og vil verte følgde opp etter gjeldande retningslinjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommuneoverlegen vil presisere at den tilsette som er smitta har følgt alle smittevernfaglege retningslinjer knytt til å vere i arbeid i helse. Dette er den risikoen vi må leve med ved å ha eit ope samfunn med korona-smitte som sirkulerer, seier Benny Østerbye Hansen i pressemeldinga.

Det er no til saman 118 personar som er blitt smitta av koronaviruset sidan utbrotet i Gloppen starta 22. oktober.