Illustrasjonsbilete.

Til sjukehus etter arbeidsulukke

Ein mann 68 år gamal mann er køyrd til sjukehus med ambulanse etter eit arbeidsulukke på Moskog, melder Helse Førde AMK.

Mannen skal ha fått ei gravemaskinskuffe over foten, melder politiet, som no vil etterforske saka saman med arbeidstilsynet. Ulukka vart meld litt før klokka åtte onsdag morgon.



Eit bustadhus brann ned til grunnen i Flekke i Fjaler tysdag. Det var i eitt-tida tysdag at politiet fekk melding om brannen. Bustaden var raskt overtent og verken hus eller garasje stod til å redde. Det var ikkje personar i huset då det starta brenne.



Ein mann i Vik vart seint tysdag kveld teken inn til blodprøve i Vik, mistenkt for promillekøyring. Det viste seg også at vedkomande, ein mann i 50-åra, ikkje hadde gyldig førarkort. Sak vart oppretta melder politiet.

To menn på 17 og 21 år fekk tysdag munnleg pålegg for å ha køyre mopedar i Sogndal der skilta ikkje var skikkeleg lesbare. Den eine mopeden vart samstundes avskilta då det viste seg at den var seld, men ikkje omregistrert.

Politiet i Årdal måtte gje ein mann i starten av 20-åra munnleg pålegg om å roe seg etter at dei hadde fått klagar om råkøyring. Mannen skal ha lagt seg flat og orsaka hendinga, skriv politiet.



Fjorten førarar fekk forenklar førelegg i ein fartskontroll på Slinde i Sogndal tysdag. Høgste fart var 76 km/t i 60-sona.

Ein semitrailer stod fast på E39 i Førde sentrum, mellom rundkøyringa ved Førde hotell og avkøyringa til Askvoll, midt i ettermiddagsrushet tysdag. All trafikk stoppa opp grunna dette, skriv politiet. Det lak også motorolje frå semitraileren, og denne rann ut i vegbana. Ein bergingsbil fekk etterkvart semitraileren vekk.



Helse Førde AMK melder at ein av dei fem som var involvert i trafikkulukka i Erdal måndag morgon, ein mann på 24 år, er overført frå Førde sentralsjukehus til Haukeland sjukehus i Bergen. Frå før var ein 19 år gamal mann teken med helikopter til St. Olavs hospital i Trondheim.



Politiøving held øving i Sogndals-området i tida kl 0700 til kl 1800 onsdag. Væpna politi og utrykkingskøyring vil ha øving i området Sogndal og Luster.