Respiratorar. Foto: Helse Førde.

Ti nye respiratorar til intensivbehandling

– Betre kvalitet på pasientbehandlinga, betre pasienttryggleik og auka kapasitet.

​Slik oppsummerer seksjonsoverlege Alena Breidablikk effekten av at intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus har fått på plass ti nye og topp moderne respiratorar.

– Topp moderne utstyr

Dei nye respiratorane er av typen Hamilton C6 og vart bestilte i mars 2020. Helse Førde har med dette meir enn dobla kapasiteten på respiratorar, og no blir neste steg å lære opp fleire som skal bruke apparata, opplyser helseføretaket i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er topp moderne utstyr som vi ser fram til å ta i bruk, seier Breidablikk og held fram:

– Det inneber sjølvsagt også betra beredskap med tanke på korleis koronasituasjonen kan utvikle seg framover.

Dei nye respiratorane er meir avanserte enn dei gamle, men treng kun å koplast til oksygen – i tillegg til straum. Gjennom eit hepafilter nyttar apparata den lufta som er i rommet, i staden for å bruke medisinsk luft frå gassanlegget.

Reservemaskiner

Respiratormodellen Hamilton C6 er etterfølgjaren til Hamilton G5 som Helse Førde kjøpte i 2008 og 2009. Grensesnittet på apparata er dermed tilnærma likt.

Hamilton-respiratorane er godt likte i både det kliniske og tekniske fagmiljøet i Helse Førde. Dei har vist seg å vere svært driftssikre apparat. Totalkostnaden for dei nye apparata er rundt seks millionar kroner. Planen er å behalde dei gamle Hamilton G5 som reservemaskiner i tilfelle større smitteutbrot og innrykk av covid-pasientar.

Opphaveleg planla Helse Førde å byte ut dei gamle respiratorane i samband med rigginga av Nye Førde sjukehus, men pandemien har gjort at føretaket valde å framskunde dette innkjøpet.