Ti grunnar til å velje eit yrkesfag

Lesarinnlegg av Nils P Støyva, distriktssekretær i LO, og Torbjørn Vereide, ungdomssekretær i LO:

1.mars er frist for alle 10. klassingar til å søkje vidaregåande skule. Dette er eit svært viktig val. Å velje utdanning og seinare yrkesveg, kan virke vanskeleg og litt skremmande for mange. Korleis i "all verda" kan eg vite kva som passar for meg? Rundt om i venneflokkane, i heimane og på ungdomsskulane førgår det i desse dagar store og viktige diskusjonar om studie- og yrkesval for framtida. Det er viktig at Du vel utdanning etter eige ønske og eigne vurderingar. Det er ikkje andre som skal velgje for deg.

I diskusjonane om yrkesval, får den viktige fag- og yrkesutdanninga alt for lite merksemd. Allmennfag eller studiespesialiserande er sjølvsagt viktig, men samfunnet, næringslivet og kommunane skrik etter personar med fagbrev eller anna fag- og yrkesutdanning.  I følge Statistisk sentralbyrå vil vi mangle om lag 90.000 fagarbeidar i 2035. NAV seier vidare at fagbrev er den sikraste vegen til arbeid i framtida. Med andre ord vil Du ha svært gode sjansar i yrkesvegen  om Du vel eit yrkesfag.

Ei utdanning innan yrkesfag startar som hovudregel med to år på ein vidaregåande skule og deretter to år i lære i ei bedrift. Etter læretida går alle opp til fagprøve og får eit fagbrev. Etter fullført fagbrev og evt. praksis ligg vegen open for høgare utdanning. Du kan velje Y-vegen til ein fagskule eller ein høgskule eller eit universitet. Er du t.d. elektrikar med fagbrev, kan du kome direkte inn på elektroingeniørstudiet utan å ha generell studiekompetanse.

I vidaregåande opplæring er det 180 yrkesfag å velgje mellom. Det er med andre ord utdanningsretningar for alle interesser. Bedriftene våre vil ha den beste arbeidskrafta. All erfaring viser at dei mest etterspurde ingeniørane, er dei som har arbeidserfaring gjennom eit fagbrev. Desse har med seg praktisk erfaring og ein kompetanse som er gull verdt for samfunns- og næringslivet.

Yrkesfag opnar yrkesvegen i mange retningar. Denne vegen sperrar ikkje sjansen for seinare å ta høgare utdanning. Det er med andre ord mogeleg å endre retning og byggje på med høgare utdanning. Arbeids- og næringslivet ventar på din kunnskap og kompetanse. Her kjem 10 gode grunnar for å ta yrkesfag og seinare fagbrev:


  1. Du kjem deg raskt ut i arbeid

  2. Det er svært gode moglegheiter for arbeid. Vi vil mangle 90.000 fagarbeidar i 2035

  3. Du kan velje 180 utdanningsretningar

  4. Du kjem hurtigare inn i bustadmarknaden

  5. Du unngår eit stort studielån

  6. Du får løn i læretida under utdanning

  7. Du får eit godt grunnlag til å starte eige bedrift

  8. Du kan kome inn på høgskule eller universitet for vidare utdanning gjennom Y-vegen

  9. Du blir god til å løyse praktiske problem og jobbe sjølvstendig

  10. Du sperrar ingen utdanning- og jobbmoglegheiter, men opnar for fleire