Bjørn Egner er arkitekt og likte godt det han såg av byggestilen på bygningane i Astruptunet.

Thorbjørn Egner i Astruptunet

– Eg trur far min hadde vore både stolt og glad for å vere i eit slikt selskap, sa Bjørn Egner, son av den folkekjære forfattaren, visemakaren og grafikaren Thorbjørn Egner, då utstillinga med verk av mannen bak Kardemomme by, opna i Astruptunet laurdag.

Bakgrunnen for utstillinga, der det også er grafikk av Nikolai Astrup, er at det i år er 150 år sidan forfattaren Hans E. Kinck vart fødd. Både Egner og Astrup har illustrert fleire av Kinck sine noveller og det er desse arbeida som no er å sjå i Astruptunet.

Allsidig talent
Dei som vaks opp på 60-talet vil hugse Thorbjørn Egner som barnetimeonkel med forteljingane om folk og røvarar i Kardemomme by og dyra i Hakkebakkeskogen. Men dei vil også hugse han som mannen bak lesebokverket som erstatta Nordahl Rolfsens lesebøker. I bind åtte av dette bokverket er eit av Astrup sine jonsokbål-motiv på framsida, og Egner skreiv ein ganske omfattande artikkel om målaren frå Sandalsstrand i denne leseboka. Der var det med fleire av Astrup sine måleri, og i det heile så brukte Thorbjørn Egner mykje plass til kunst i lesebøkene sine, noko som var nytt.

At Thorbjørn Egner også var ein svært så habil grafikar var kanskje ikkje like kjent for dei som pinsaftan var i Astruptunet for å høyre Bjørn Egner fortelje om den sida ved far sin.

Les fyldig reportasje frå opninga av kunstutstillinga i Astruptunet i onsdagsavisa.