Thomas klar for EM-finalen

Slo til med kjempekast og ny krinsrekord igjen.
Thomas Mardal er finaleklar i Em U23 i i Bydgoszcz i Polen med resultatet 68,34m.

Under dagens kvalifisering i slegge sette han like godt ny krinsrekord igjen med det strålande resultatet 68,34m. Han oppnådde dette i første omgang og var dermed klar for finalen. Grensa var sett til 67.50m for direkte finale.
Han enda på 5. plass totalt i kvalifiseringa etter at to grupper hadde kasta. Mardal kasta i andre pulje som fekk foreisenka konkurransen pga kastbur som vart tatt av vind.

Evald Osnes Devik, Gloppen FIL kasta i første pulja og enda på 15. plass i denne med 59,97 og nådde ikkje finalen. Pulja til Devik måtte avbryte konkurransen da kastburet vart teke av vinden. Etter ein stopp heldt konkurransen fram.

Finale for Thomas Mardal går fredag kveld.

-Det er ein sterk prestasjon av Thomas Mardal i dette meisterskapet. Å sette personleg rekord i internasjonalt meisterskap viser at han er i ferd med å etablere seg som ein god og erfaren mesterskapsutøvar og det blir spennande å sjå finalane fredag, seier Narve Heggheim i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

Thomas Mardal imponerte nok ein gong i sleggeringen med eit nytt 68 meter kast i finalen. Foto: Gloppen FIL