Thomas Mardal får Stimulanseprisen av avtroppande leiar i Gloppen Idrettsråd Terje Gjengedal.

Thomas har ambisiøse mål for friidrettssesongen

Thomas Mardal (18) ser fram til junior NM på heimebane og siktar mot deltaking i internasjonale meisterskap. – Det er viktig å ha ambisiøse mål, seier han.

Under årsmøtet i Gloppen Idrettsråd tysdag vart Thomas Mardal tildelt Stimulanseprisen for 2014 av avtroppande leiar Terje Gjengedal. I tillegg til diplom er prisen på 10.000 kroner.

– Vi var heilt samstemte i styret om at du er ein veldig verdig prisvinnar. Då spring fort, hoppar høgt og kastar langt. Du har allereie ei imponerande karriere bak deg. Kor langt du når, er opp til deg sjølv, sa Gjengedal og konstaterte at Thomas Mardal har det som trengs for å lukkast.

– Eg trur også at du kjem til å gjere det godt internasjonalt. Vi er stolte over deg, sa han.

For ei veke sidan vart Thomas Mardal også kåra til Årets utøvar i STIL.

– Eg set stor pris på utmerkingane. Det er motiverande for den vidare satsinga, seier prisvinnaren. Han har ambisiøse mål for sesongen. Eitt av dei er å delta i internasjonale konkurransar.


Les meir om Thomas sine mål for sesongen i papirutgåva.